skip to Main Content
Målprisen 2019

Målprisen 2019

Frå venstre: Leiar i Kviteseid mållag, Einar Leiv Søreide, Gina Aabø Nyland, Aslak Aanund Aabø, Hans Kristian Aabø og ordførar Tarjei Gjelstad. Foto Tone Tveit, VTB.

HURRA! Gullsmed Aabø fekk årets målpris for bruken av nynorsk i marknadsføringa av bedrifta på vår heimeside, i sosiale medie og i pressa.

I diplomen står det: «Målprisen er tildelt Gullsmed Aabø for klar haldning når det gjeld målbruk.»

Målprisen vert delt ut på den årlege Bygdekvelden som Kviteseid Mållag arrangerer i høve Kviteseidmarken.  Målprisen er ein blå fugl laga av den kjende kunstnaren Gunnar Torvund, som også bur i Kviteseid.

Vi takkar Kviteseid kommune og Kviteseid Mållag ved leiar Einar Leiv Søreide for prisen og ordførar Tarjei Gjeldstad for fine ord ved overrekkinga. Tusen takk!

Nynorsk ligg vårt hjarte nært og det er svært hyggeleg at det blir sett pris på.

 

Målprisen 2019, diplom og måltrost.

Grunngjeving for Målprisen 2019:

«Målprisen som Kviteseid kommune og Kviteseid Mållag deler ut, skal oppmuntre til god målbruk innan næringslivet, i organisasjonar og i det offentlege rommet. Vi meiner det er ein klar samanheng mellom kultur og språk. Eit fjerde element kan vere lokalt forankra handverk.

I Kviteseid kommune har det vore og er framleis mange handverksverksemder med ry langt utover kommunen. Verksemder med særpreg og trygg lokal identitet. Desse er viktige for bygdetelemark, for Kviteseid kommune og for Kviteseidbyen.

Vi meiner den lokale forankringa bør komme fram ved at verksemdene brukar nynorsk på heimesidene sine og i anna marknadsføring. Dette ser vi på som ein konkurransefordel og identitetsmarkør.

Årets prisvinnar er alt dette. Butikken presenterer seg på heimesida si med ein god nynorsk. Og kjem du innom som kunde, vert du møtt av personar som er trygge på eigen identitet og dialekt.

Årets målprisvinnar er Gullsmed Aabø.»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Back To Top