skip to Main Content
Sju bunadkledde modellar. Tre generasjonar Aabø.
Sju bunadkledde modellar. Tre generasjonar Aabø. Alle har på seg handlaga bunadsølv.

Telemarks sølvtradisjon

Telemark har rike tradisjonar på drakter, bunadar og bunadsølv. Gullsmed Aabø lager bunadsølv etter modellar frå dei gamle meisterane samt eigne modellar. Vi er tru mot Telemarks sølvtradisjon.

Vi har aner i familien tilbake til 1800-talet til personar som den gong var bygdesmedar så vi bygger på godt bevarte familietradisjonar.

Bunadkrone
Bunadkrone
Element-Gullsmed-Aabø

Handlaga søljer

Handlaga søljer får ein eigen identitet då ingen blir heilt like – dette er handverk som blir verande i slekter og blir tatt svært godt vare på. Hos Gullsmed Aabø får du laga alle slags søljer og bunadsølv som brukast til dei ulike bunadane i Telemark, slik som bunadknapper, klokkeband, hornringar, halsringar, bolesøljer, slangesøljer, trandeimsøljer, mansjettknappar, skospenner og bunadveskelås.

Butikken sender bunadsølv over heile landet, men også til utlandet og då ofte til utflyttede Telemarkingar.  Bunadsølvet vårt blir laga på vår eigen verkstad og alt er handlaga, alle dei små krusane, krullane, kulene, firkantane (også kalt demantar), – alt blir laga for hand. Vi kjøper sneller med sølvtråd og store plater av sølv der vi teiknar opp det vi skal lage, klypper, stemplar og bearbeider og legg på alle delane vi har laget til i fleire omgangar til det blir det resultatet som kunden har bestilt. Slik at det du bestiller blir unikt.

Bunadsølv Vest-Telemark-bunad
Bunadsølv Vest-Telemark-bunad

Det seier seg sjølv at dette eit eit arbeid som tek lang tid. Vi prøvar alltid å ha bunadsølv på lager men ikkje alle modellane, så det er nokon månaders ventetid på å få laga bunadssølvet dersom vi ikkje har det på lager.

Element-Gullsmed-Aabø

Stort utval

Familiebedriften Gullsmed Aabø er kjedefrie, det vil sei at vi sel varer fra diverse leverandører og set saman eit godt utvalg av både norske og importerte produkter. I butikken fins eit breidt og godt utvalg av smykker i gull og sølv med diamanter og edelsteinar.

Gaveartiklar

Vi har også ulike gaveartiklar blant annet kunstglass, porselen, klokker og sølvbestikk. Sølvbestikk er ei flott gåve som også held til evig tid, og tåler oppvaskmaskin. Her er også et godt utvalg av konfirmasjonsgaver, bryllupsgåver og dåpsartikler og souvenir.

Gravering og reparasjonar

Bedriften tilbyr gravering på det meste av metall som for eksempel på stål, tinn, messing, gull og sølv.  Vi kan også gravere på fotoapparat og mobiltelefoner m.m. Vi tek i mot repararasjonar av mest alt av sylv og gull. Batteriskift i klokker utførast på dagen.

Taksering av bunadsølv, gull og sølvvarer

Gullsmedmeister Hans Kristian Aabø har godkjenning fra Norges Gullsmedforbund til å utføre takstarbeid, og utfører taksering av bunadsølv, gull og sølvvarer.

Back To Top