Handlaga bunadsølv
Handlaga unikt bunadsølv frå vår eigen verkstad. Gullsmed Aabø as er stolt av å levere bunadsølv av beste kvalitet. Vi er ei familieverksemd som lager bunadsølv til alle bunadane i Telemark.
Rik tradisjon
Telemark har rike tradisjonar på drakter, bunader og bunadsølv. Bunadsølvet vi lagar er etter modellar av dei gamle meisterane og våre eigne modellar. Vi er trufaste tradisjonsberarar av Telemarks sølvtradisjon.
Nyhende
Veggmåleri hjå Gullsmed Aabø
Nå er det gatekunst i Kviteseidbyen og me har fått eit flott veggmåleri på gavlveggen vår. Kunstnaren Gunn Marit Sanden frå Vrådal har måla ein stor versjon av hennar eige bilete "Vest-Telemarksprinsessa". Inspirasjonen til måleriet var brudekrona som gullsmed Aslak Aanund Aabø laga i 2005 og som me har til utleige i butikken. Gunn Marit Sanden fekk oppdraget med utsmykking av…
Aslak Aanund Aabø 90 år
Separatutstilling på Kviteseid Bygdetun. Aslak Aanund Aabø 90 år. Aslak var 90 år i vår. Tusen takk til styret i Kviteseid Bygdetun som ville ha denne utstillinga på Kviteseiddagen 2021. Det vart eit flott arrangement. Jubilanten sette stor pris på det og på kåseriet til Dag Rorgemoen (sjå tekst lenger ned), og på slåttespelet til Per Anders Buen Garnås. …
TILBOD i nettbutikken!
Jolegateopning i Kviteseidbyen. Tilbod i nettbutikken vår denne helga. Det er 20% avslag på mange varer. Ikkje bunadsølv. Skriv inn kupongkoden; joletre2020 i handlekorga. Tilbodet gjeld til og med sundag 29.11.2020
Dyrsku Tilbod
Dysku'n i Seljord er utsatt til 2021, men me held ope i butikken. Me har mange Dyrskutilbod i nettbutikken og vår butikk i Kvitseidbyen. Tilboda gjeld i perioden mandag til laurdag 7. sept - 12. sept. Det kan nemnast; smykkeskrin, lommeur, bunadsknivar. Ta vare på kvarandre. Bruk handsprit og hald 1 meter avstand. Velkommen innom!