Skip to content
Telemarksprinsesse

Veggmåleri hjå Gullsmed Aabø

Nå er det gatekunst i Kviteseidbyen og me har fått eit flott veggmåleri på gavlveggen vår.

Kunstnaren Gunn Marit Sanden frå Vrådal har måla ein stor versjon av hennar eige bilete «Vest-Telemarksprinsessa». Inspirasjonen til måleriet var brudekrona som gullsmed Aslak Aanund Aabø laga i 2005 og som me har til utleige i butikken.

Gunn Marit Sanden fekk oppdraget med utsmykking av murveggen vår og gjekk laus på oppdraget med liv og lyst og nå er brudekrona vår på veggen.

Biletet er også inspirert av eit av bileta til Sandie Carol.

 

Telemarksprinsesse
«Vest-Telemarksprinsessa» måla på veggen til Gullsmed Aabø, Kviteseid

 

Telemarksprinsesse
Gunn Marit i arbeid med biletet.

 

 

Bunadkrone
Bunadkrone laga av Aaslak Aanund Aabø i 2005. Foto Hilde Haugen.
Back To Top