Skip to content
Utstilling Kviteseid bygdetun 2021

Aslak Aanund Aabø 90 år

Separatutstilling på Kviteseid Bygdetun. Aslak Aanund Aabø 90 år.

Aslak var 90 år i vår. Tusen takk til styret i Kviteseid Bygdetun som ville ha denne utstillinga på Kviteseiddagen 2021. Det vart eit flott arrangement. Jubilanten sette stor pris på det og på kåseriet til Dag Rorgemoen (sjå tekst lenger ned), og på slåttespelet til  Per Anders Buen Garnås.

Utstilling Kviteseid bygdetun 2021
Aslak ved gamlekyrkja.

 

Utstilling Kviteseid bygdetun 2021Utstillinga i Utsundhalli. Bakgrunnsbilete er laga hjå Vest-Telemark Museum på grunnlag av eit foto av Hilde Haugen.

Utstilling Kviteseid bygdetun 2021

Utstillinga av gullsmedarbeid av Aslak Aanund Aabø gjennom eit langt gullsmedliv.

Utstilling Kviteseid bygdetun 2021

Utstilling Kviteseid bygdetun 2021
Dag Rorgemoen heldt kåseri om sølvsmedtradisjonen i Vest-Telemark.

 

Aslak Aanund Aabø

-tradisjonsberar og fornyar

 

Me markerar i dag ein av dei viktigaste tradisjonsberarar og -fornyarar me har i Vest-Telemark, Aslak Aanund Aabø, som i vår fylte 90 år.

Eg skal på vegne av Vest-Telemark Museum seie nokre ord om dette, og minne om kvifor Aslak fortener heider og merksemd…

Men fyrst litt om vest-telemarkingen, sylvet og sylvsmedtradisjonane:

Ivar Aasen kunne gjera seg sine kommentarar når han var ute på samlarferd. Seks gonger var han her, og fire av desse var på samlarferd. Aasen hadde sett mykje rundt om i heile landet, og visste å sjå kva som var særmerkt for dei ulike landsdelar. Han må ha syntes vest-telemarkingane var frykteleg jålute:

-telemarkingane brukar «uhyre megen Stads, især af Sølv». Og dei var druse til å leggje sylv i skåli.

Meir om pyntetrongen frå Aasen:

Telane hadde «overdriven lyst til kroting», og sjølv treskoa stasar dei med roser og snirklar

Her var mykje sylv, og mykje pynting…

Vest-Telemark er historisk sett ikkje noko veldig rikt område økonomisk. Gardane var jamne, og her var det ein vil kalle egalitære forhold. Men lysta til å ta seg godt ut, trongen for vise at ein hadde god smak – og råd til for eksempel staseleg bringesylv – har vore stor – det har vore viktig for folk.

Og handverket var verdsett. Det var status knytt til det å vere flink med hendene, ha formsans og skape ordentlege og fine ting. Berre tenk etter alle dei forteljingane me har om handverkarane…

Alle har høyrt om

Jarand Rønjom – fordi han klara alt (kyrkjebyggjar, snikkar, rosemålar, sylvsmed, klokkemakar, børsemakar)

Knut Mevastaul – fordi han rosemåla slik at ein kunne høyre humlene surre i blomeenga

Halvor Teigen – fordi han skar roser, blomar, sveivar som levde

…..

Gjeng me til andre enn Aasen får me desse vurderingar av sylvsmedtradisjonen i Vest-Telemark:

Yngvar Nielsen (historikar og mangeårig leiar for Etnografisk museum Oslo):

-De thelemarkske bønder, der i almindelighed besidde et mærkeligt kunstnerisk anlæg, have som sølvarbeidere lagt for dagen en selvstændighed og smag, der er beundringsverdig. Mellem dem træffer man virkelige kunstnere i dette fag, der med en større uddannelse maatte kunde drive det meget vidt. Thelemarken er det virkelige hjem for det nationale sølvarbeide, som der gjennem aarhundrer er udført med stor dyktighed.

Hans Grosch skriv samstundes

Sylvarbeidet «synest at have havt sit væsentligste Hjem i Thelemarken og omkringliggende Bygder… , medens Befolkningens Formsands og medfødte Smag, der ogsaa gjør sig gjældende paa flere andre Omraader, har vidst at utvikle og bevare de rigeste og smukkeste Former»

Dette var skrive på slutten av 1800-talet, og bondesylvet og tradisjonen rundt dette stod og står verkeleg i ei særstilling her i våre bygder. Betydinga av sylvet og statusen som dette hadde kan me følgje attende til mellomalderen. Sylvet til pynting av klede og drakt, men òg i holking av knivar, til drikkestell og så vidare.. Men tidleg på 1700-talet er eit viktig tidsskilje for bygdene her og sylvet:

Mandtane og Erland-familien flytter hit. Og med dei verkeleg fagkunnskap  – og ikkje minst om filigransteknikken!

Med desse rykte bondesylvet i Vest-Telemark rett opp i eliteserien. Dei hadde kunnskapen, teknikkane og reiskapen… Utdanna sylvsmedar som etablerte seg her i Kviteseid, Vinje og Tokke. Her som folk ikkje kunne få nok stas å henge på seg…

Og Mandtane vart fort mange, og kunnskapen vart dela. Mange tok til å arbeide i sylv – gjerne som eit tilleggshandverk ved sida av garden.

Og med gruvene på Kongsberg var tilgangen på sylv god. Både lovleg og ulovleg sylv kom oppover bygdene i byte mot huder, ost, smør, talg og så vidare. I tillegg har me historiar om lokale sylvårer og gruver -sjølv om ein nok må ta dette litt med ei klype salt.

Om her var hemmelege sylvførekomstar eller ei, det viktige er korleis sylvet vart foredla og bruka – og korleis tradisjonane rundt dette vart skapt.

 Aslak Aanund Aabø er ein vidareførar av denne tradisjonen.

-15 år gamal tok han båten frå Kviteseid til Dalen for å gå i lære hjå Eivind G. Tveiten. Tveiten var vel etablert som sylvsmed, med verkstad og forretning på Dalen. Her var Aslak 5 år i lære, med 8 timars arbeidsdag og 48 dagars arbeidsveke.

-Og hjå Tveiten gjekk Aslak inn i ei linje av sylvsmedar som nærast kan kallast kongerekka:

-Eivind hadde gjenge i lære hjå Aanund Brekke i Øyfjell – som også var grandonkel av Aslak Aabø. Aanund Brekke var ein særs dyktig sylvsmed og titulerte seg sjølv som filigransarbeider.

-Brekke hadde gjenge i lære hjå Halvor Vehus/Lognvik, i tillegg til opphald hjå Grinderud i Lunde

-Halvor Vehus hadde vore i lære hjå Sveinung Aasmundsson Rønjom, som hadde kunnskapar frå både far sin Aasmund Rønjom og bestefaren sjølvaste Jarand Rønjom

Kunnskapen kan slik førast langt attende, og frå meister til meister. Teknikkar, løysingar, modellar, løyndomar overført frå lekk til lekk. Denne rekkja skapte tradisjonen – som mellom andre Ivar Aasen såg då han var her.

-Etter tida hjå Tveiten flytte Aabø til Stavanger og arbeidde og tok sveineprøva i gullsmedfaget hjå Jørgen Berner, og deretter til Sandnes der han arbeidde i verkstaden hjå Olav Berge. I 1956 var tida komen for å flyta heim, og han etablerte seg med verkstad og utsal i Aslestadbygget i Kviteseidbyen.

Her tok han særskild opp tråden etter Eivind, og filigransarbeid og bunadssylvet var kjerna i arbeidet: bolesylgjer, slangesyljer, lauvsyljer, halsringar, malir….

Aslak Aabø er også ein nyskapar innanfor tradisjonen.

kvar lekk i tradisjonen tilfører gjerne noko nytt. Også Aslak har vore med på å utvikle telemarksylvet vidare. I 1961 formgav han ein ny veskelås med filigrandekor. Dette hadde ikkje blitt gjort før, og mange veskelåsar har blitt til på verkstaden til Aabø opp gjennom åra.

-ei anna nyskaping kan ein seie den store brurekrona er. Dette er verkeleg eit storarbeid, og med den har mang ei brur fått oppfylt draumen om å få vere prinsesse for ein dag.

Aslak har også sikra ei vidareføring av tradisjonen.

-I verkstaden til Aabø har også vidareføring av sylvsmedtradisjonen blitt sikra

-opp gjennom åra har han hatt 10-12 lærlingar, og fleire av desse fører arven vidare. Fyrst og fremst sonen Hans Kristian og dotter Gina som no driv verkstad og forretning vidare.

No har Aslak slutta i verkstaden. Ein lang arbeidsdag er over, men arven vert ført vidare. Gjennom sitt virke som filigransarbeider og gullsmed har Aabø stasa opp utallige konfirmantar, brurer og brudgomar… Når me skal pynte oss så flott me kan, då er det bunaden me tek fram – og med bunadssylv frå Aabø er me kledd for å møte kven det skulle vere.

Aslak har arbeidd seg opp ein veldig kunnskap og status. Han kjenner historia, kjenner att sylvsmedane, kjenner variasjonane. Aslak kan lese ei ei sylje både med augo og hendene. Han har levert bunadsylv av høgaste kvalitet gjennom mange år. Når ein i Oslo snakkar om sylv, tenker ein med ein gong David Andersen. Når ein snakkar om bunadssylv tenker ein på Aslak Aanund Aabø.

På vegne av Vest-Telemark Museum vil eg gratulere Aslak Aanund Aabø med vel gjennomførte 90 år, og takke for det livsverket han har gjort for sylv- og gullsmedhandverket og for tradisjonen rundt dette i Vest-Telemark, både med å ta vare på, fornye og føre vidare.

 

Utstilling Gullsmed Aabø 2021

Delar av utstillinga er no plassera i vår butikk i Kviteseidbyen.

 

 

Back To Top