skip to Main Content
Grunnleggaren av Gullsmed Aabø as: Aslak Aanund Aabø i bunad på bygdetunet i Kviteseid.
Grunnleggaren av Gullsmed Aabø as: Aslak Aanund Aabø på bygdetunet i Kviteseid.

Solid norsk handverk

Gullsmed Aabø kunne feire 60 år i september 2016. Vi er svært stolte av å kunne feire 60 år samanhengande drift. Les meir om feiringa her!

Aslak Aanund Aabø har lang fartstid som filigransarbeider, han har laga bunadsølv i heile 70 år. Han har vore ein trufast tradisjonsberar og sit framleis stundevis på verkstaden og tryllar fram det finaste filigransarbeid.

Aslak Aanund Aabø var 25 år i 1956 då han starta firmaet Gullsmed Aabø her i Aslestadhuset i Kviteseidbyen og dreiv det heilt fram til 2000 då Hans Kristian Aabø tok over.

Element-Gullsmed-Aabø

Aslak Aanund Aabø som gullsmedlærling hos Eivind G. Tveiten på Dalen

15 år gammal reiste han frå Kviteseid brygge med rutebåten til Dalen i Telemark for å gå i gullsmedlære hos den kjende gullsmeden Eivind G. Tveiten. Sidan den gong har han laga bunadsølv til fleire generasjonar Telemarkingar og tilogmed til kongefamilien. I 1961 designa han og byrja å lage vår flotte bunadveskelås.  Krona på verket er den vakre brudekrona som vart ferdig i 2005. Mange bruder har pynta seg med brudekrona, brudebunaden, brudeladet som han har laga alt sølvet til.

I dag bringer Gina Aabø Nyland og Hans Kristian Aabø tradisjonen vidare hos Gullsmed Aabø as i Kviteseid og tilbyr eit variert utvalg av gullsmedvarer der bunadssølv er den største biten.

Hans Kristian Aabø og Gina Aabø Nyland i bunad.
Hans Kristian Aabø og Gina Aabø Nyland.
Back To Top