Skip to content
Bolesølje

Kva for ei bolesølje er eldst?

På Kviteseidmarken 14. og 15. feb. hadde me ein liten konkurranse blandt kundane våre i butikken om alderen på tre bolesøljer. Kva for ei bolesølje var eldst? Konkurransen var svært populær og me fekk inn 86 svar. Den heldige vinnaren er kontakta. Ho fekk eit flott par handlaga øyrepynt. Under er bilete av søljene som var med i konkurransen. Den eldste sølja er avbilda nederst i artikkelen.

Bolesølje
Her er den fyrste bolesølja, ho er forgylt og 8 cm i diameter. Sølja er stempla A.G. 830S.  Sølja kan vera laga av Alf Gerdts i Bergen. Ein allsidig gullsmed som løyste borgarbrev i 1926 og arbeidde fram til sin død i 1963. Takk til Oddvar Clementsen for desse opplysningane.

 

Bolesølje
Bolesølje, bakside.

 

Bolesølje
Her er den andre bolesølja, ho er 9 cm. Legg merke til mønsteret på midtbola, som minnar om mønsteret i slangesølja. Sølja er stempla A.E.BREKKE  830S og er laga av Aanund Eivindsson Brekke, Øyfjell, Vinje i Telemark. Denne sølja trur me er laga rundt år 1910.

Aanund Brekke vart fødd på Brekke i Øyfjell den 1.1.1873 som 3 sonen til Eivind Brekke. Det var ein evnerik familie, med mange handverkarar. Ein eldre bror vart smed, medan eldstebroren overtok garden. Aanund budde på familiegarden mest heile livet. Men livet hans vart kort. Han døyde i 1913 av sukkersjuke bare 40 år gamal. Året før gifte han seg med Gunnhild. Om livslengda var kort var arbeidsevna stor. Han har etterlate seg ein stor produksjon av bunadsølv. Sølvet hans vart spreidd over heile Telemark. Det seieast at han var den fyrste i Vinje som kjøpte sykkel. Med den sykla han rundt til kundar langt av stad.

2019. Årets utstilling på Øyfjell Bygdemuseum er om Aanund E. Brekke (1874-1913). Han var ein av våre fremste sylvsmedar. Sjølv titulerte han seg gjerne som filigransarbeider, og det var trådarbeid og draktsylv som var hovudproduksjonen. Han gjekk i lære hjå onkelen Halvor Vehus og hjå Thor T. Grindrud i Lunde, og arbeidde seg snart opp eit anerkjend namn. Aanund var den fyrste i Øyfjell med sykkel, og med den trakka han rundt i Vest-Telemark og bygde seg opp ein stor kundekrins. Brekke-sylvet er kjend for det fine og nøyaktige trådarbeidet, og han utvikla også nye modellar. Hans arbeid levde vidare gjennom lærlingar som Eivind G.Tveiten og Aasmund O. Nordstoga.

 

Bolesølje
Bolesølje, bakside.

 

Bolesølje
Her er den tredje bolesølja, som er den eldste av søljene. Denne sølja er brennforgylt. Det ser me ved at gullfargen bare på framside. Det er ingen bumerke etter sølvsmeden som laga ho. Det er antatt at sølja er frå 1700-tallet. Sølvsmeden Aanund Brekke laga nytt midtstykke og sette nål bak på sølja. Dette var altså den eldste sølja i konkurransen vår.

 

Bolesølje
Bolesølje, bakside.
Back To Top