Skip to content
Brudelad frå Rismyr

Fagtur til Telemark Museum og Galleri Grindbakken

Rundt eit bord med sølv
Inne i magasinet til Telemark museum. Frå venste. Gry Marie, Othilde , Lena , Anette, med ryggen til Hilde og Mariken.

Telemark Museum

Onsdag denne veka var me samla til fagdag. Me var ei lita gruppe sølvsmedar som fyrst var i magasinet til Telemark Museum. Etter lunch var me invitera til Gry Marie Grindbakken og Galleri Grindbakken på Stathelle.

Det var filigransmeister Hilde Nødtvedt som var iniativtakar til denne samlinga. Me var fire sølvsmedmeisterar og fire lærlingar på tur. Me vart ynskte velkommen av arkivar/registrator Mariken Eek i Telemark Museum. På fyrehand hadde me sendt inn bestilling på gjenstandar me gjerne ville sjå. Museet har mange skattar og blant dei er brudeladet frå Rismyr i Vinje.

Brudelad frå Rismyr
Detalj av Rismyrladet. Telemark Museum
Brudelad frå Rismyr
Detalj av Rismyrladet. Telemark Museum
Samla rundt eit bord med sølv
Granskning av Rismyrladet.
Bolesølje Talleiv Huset
Bolesølje laga av Talleiv Huset, Sauherad. Telemark Museum
Bolesølje Talleiv Huset
Bolesølje laga av Talleiv Huset, Sauherad. Telemark Museum

 

Tollev Kittilsson Huset var født på Hellekås i Bø i 1809 og døydde i Huset u/ Nordadal i 1904. Han var ein kjent sølvsmed og fleire gjekk i lære for han, blant andre Andres Krosshaug frå Bø. Tollev Huset arbeidde tradisjonelt, men skapte samstundes nye utformingar av søljer. Han laga fleire variasjonar av lauvringen. Blandt desse er den kjente sølja Bøheringsringen. Å leggje inn steinar i sølvet er eit arbeid som mest høyrer bykunsten og Telemarkskunsten til. Dette er ein arv frå høgrestandskunsten slik som me finn den både i forntid og mellomalder. Tollev Huset tok denne kunstform inn i sitt arbeid på slutten av 1800-tallet.

Teksten er henta frå ein plansje om Talleiv Huset frå utstillinga på Evju Bygdetun sommaren 2005. Talleiv bruka stempelen; «T.H.» og «T.K.HUSET»

Slangesølje Jøren Østerdal
Slangesølje laga av Jørgen Østerdal, Seljord. Telemark Museum

Jørgen Kittilsson Østerdal var fødd i Seljord i 1797. I folketeljinga i 1865 er han nemd som sølvsmed. Han stempla med stempelen; «IÖ»

Gamald Hornring med heng, ukjent opphav. Telemark Museum

 

Gamald slangesølje, ukjent opphav. Telemark Museum

Hjå Galleri Grindbakken

Lage lassperler
Gry Marie ved arbeidsbenken, Galleri Grindbakken

Verkstaden til Gry Marie er ein del av Galleri Grindbakken. Flott lokalisera ved sjøen på Stathelle. Stort og ljost lokale med verkstadplass til mange. Galleriet opna hausten 2019, men Gry har vore i faget i mange år. Gry Marie viste oss framgangsmåten for å lage glasskuler. Me fekk også prøve oss, med ulikt hell. Fasinerande å sjå Gry i arbeid med den gloheite glassmassa.

Lage glassperler
Slik lagar Gry Marie glassperler,  hjå Galleri Grindbakken.
arbeid med tråd
Hans Kristian i djup konsentrasjon. Her viser han framgangsmåten for å lage røyrd tråd av 5 trådar. 

 

Samla til diskusjon
Diskusjon rundt arbeidsbenken. Frå verkstaden til Gry Marie.
Deltakerane samla
Bak frå venste. Lærling Lena, Hilde Nødtvedt, lærling Anette, Hans Kristian Aabø og Gry Marie Grindbakken. Framme, Sunna-Inga, Rebecca Tannum og Othilde fransk utvekslingselev. Samla på Galleri Grindbakken, Bamle.
Back To Top