Skip to content
Forfattaren Hans Kristian Aabø nærbilde

Nybrotsarbeid, katalog over Norsk Stempla Papir

Forfattaren Hans Kristian Aabø
Gullsmedmeister Hans Kristian Aabø heldt foredrag i Stockholm under frimerkeutstillinga STOCKHOLMIA 2019. Foto: Halvor Kleppen

Katalog over Norsk Stempla Papir

Her er katalogisera 41 ulike serier stempla papir og to andre typer stempla papir som vart bruka i desse 300 åra.  I tillegg er det 68 teikningar av vannmerker som er funne på dessse papira. Fram til 1814 har Norge og Danmark mange felles utgåver av stempla papir.Hausten 2018 vart katalogen utgjeve.

Me saksar frå avisa Varden 5. juni 2019:

Gullsmed tok gull.

Hans Kristian Aabø har samla norsk stempla papir for perioden 1657-1957. Boka hans innkasserte gull på ei stor utstilling i Oslo.

Ikkje nok med det: Gullsmeden frå Kviteseid fekk også invitasjon til den store frimerkekonferansen «Stockholmia 2019» som gjekk av stabelen siste veka i mai. Dette er ei stor utstilling i europeisk samanheng. Der heldt telemarkingen foredrag om den unike boka.

Etter det Varden får opplyst hausta han svært mange lovord om pionerarbeidet. Boka er for eit heller avgrensa publikum, og såleis trykt opp i 180 eksemplar.

– Så langt har eg selt 60 bøker, og er fornøgd med det, seier Aabø

Bok side
Fotokopi av boka; side 2 og 3. Her er innhaldsforteikinga.

 

Stemplet papir frå 1852
Skjøte. Skrive på Stempla papir No.6 frå 1852. Verdien på eigendommen var på 200 speciedaler. Avgifta til staten var då på 1 speciedaler og 72 skilling.

 

Protokoll med Stemplet papir 1800
Protokoll over manntall, med Stempla papir frå 1800. Frå 1661 til 1840 skulle alle rettsprotokollar ha innbundne to stempla papir, eit forran og eit bak. Det betyde i praksis at protokollen var avgiftsbelakt med ein Riksdaler.

Ynskjer du boka kan ho bestillast her: https://www.gullsmedaabo.no/vare/norsk-stemplet-papir/ ‎

Boka selgast også hjå NorStamps, Sandnes; Skanfil as, Haugesund; Telemarkens Bokhandel as, Notodden; Kviteseid Bok og Papir, Kviteseid.

 

 

 

Back To Top