Skip to content
Prisbelønt bolesølje

Prisbelønt bolesølje! Dyrskupris!

Hans Kristian Aabø fekk 1. premie for ei stor bolesylje på DYRSKU’N i 2016.

Hans Kristian Aabø med dyrskudiplom
Hans Kristian Aabø med dyrskudiplom og premie. Utanfor fjøset på Sterke-Nils tunet.
Dyrsku'n sitt program
Program for husflidsutstillinga på Dyrsku’n i Seljord 2016.

Årets jubileumsutstilling vart ein stor suksess. Det er totalt dømt 197 produkt, innsendt av 108 deltakarar. Les brosjyra her og meir om tevlinga her.

Prisbelønt bolesølje
Prisbelønt bolesølje

Bolesølja er den store bringesølja til telemarksbunaden. Den har gjennom åra hatt noko ulikt uttrykk. Namnet kjem av dei 6 opphøgde bolene på sølja. Denne sølja er ei “ekstra” stor sølje med 6 utvendige og 6 innvendige knappar.

Bolesølje i filigransteknikk vart veldig utvikla i Telemark på 1700-talet. Mange er dei sølvsmedane som har laga denne type søljer.

Mi sølje er ei vidareføring av ein modell sylvsmed Eivind G. Tveiten frå Dalen i Telemark laga. I ei brosjyre frå 1930-tallet av Tveiten er sylja nemd som “finaste slag arbeid”. Det var hans gjevaste sølje.

Kjøp bolesølja her

Back To Top